6.9. Standard rutenett

Figur 15.76. Innstillingar for rutenettet

Innstillingar for rutenettet

I GIMP kan du leggja eit rutenett over biletet for å tilpassa ulike biletelement. Dette rutenettet kan du slå av og på frå biletmenyen via Vis → Vis rutenett. Her kan du bestemme korleis dette rutenettet skal sjå ut. Innstillingane er dei same som du har tilgang på frå biletmenyen Bilete → Still inn rutenett, men då gjeld dei berre for det bestemte biletet. Du finn informasjon om dei ulike innstillingane i avsnittet Still inn rutenettet.