6. Dialogvindauget for brukarinnstillingar

6.1. Innleiing

Figur 15.68. Liste over dei ulike innstillingane

Liste over dei ulike innstillingane

Dialogvindauget for brukarinnstillingane er tilgjengeleg frå hovudmenyen via Rediger → Brukarinnstillingar. Dette dialogvindauget vert brukt for å tilpassa GIMP etter personleg behov. Nedanfor finn du ein omtale av dei ulike innstillingane, kva dei gjer og korleis du kan tilpassa desse til eigne ønskje.

Alle førehandsinnstillingane vert lagra i fila gimprc i den private GIMP-katalogen din. Dersom du er oppsett som «administrator» på maskinen din, kan du også redigere denne fila ved hjelp av ein tekstbehandlar. Dersom du arbeidar i Linux, kan du finna mykje teknisk informasjon om innhaldet i denne fila og kva dei ulike innslaga står for i kommandoen man gimprc.